Reguleringsplan for området ved Juvasshø - Juvasshytta - Galdhøpiggen Sommerskisenter.

Reguleringsplanen vart endeleg godkjent av Miljøverndepartementet 09.03.2009 etter at Fylkesmannen hadde reist motsegn mot Lom kommunestyret sitt vedtak av planen 22.02.2007. Planinnhald og prosess går fram av plankartetplanføresegnene og sakspapira.

Planarbeidet kom opp i 2001 med bakgrunn i utvidingar ved Galdhøpiggen sommarskisenter. I samband med arbeidet ble det da konstatert at eksisterande heistraséar låg innafor grensa for Jotunheimen nasjonalpark. Etter ein lengre prosess vart grensa for nasjonalparken endra ved vedtak i Direktoratet for Naturforvaltning av 02.11.2004 (endring av verneforskrift av 05.12.1980 nr. 1 om Jotunheimen nasjonalpark). Grenseendringa gjer at heistraséane ligg utafor nasjonalparkgrensa.
Revisjonen av den opphavlege reguleringsplanen frå 1998 medførar ein oppdatering av planen på eit betre kartgrunnlag, og opnar m.a. for tilrettelegging for fleire parkeringsplassar i området.

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932