award-833992_1280

Kandidatar til kulturprisen og kultursstipendet

Kven tykkjer du fortener kulturprisen? Enn kulturstipendet?

Kom med dine forslag!

 

Kulturprisen blir gjeven for aktivt, friviljug og uløna kulturarbeid over lengre tid, eller for særleg fortenestefulle einskildtiltak som kjem kulturlivet i Lom kommune til gode.

Det er høve til å foreslå kandidatar til kulturprisen.

 

Kulturstipendet blir gjeve for å hjelpe fram ungdom med særskilde evner/interesser på område innafor det utvida kulturomgrepet. Det er høve til å søkje på kulturstipendet, og det er høve til å foreslå kandidatar til stipendet.

 

Forslag til kulturprisen eller forslag/søknad til kulturstipendet  sendast post@lom.kommune.no eller Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom innan  15.102015.

Tips ein ven Skriv ut