Kommunalsjef kari Sveen

Kommunalsjef kari Sveen

Kari Sveen tilsett som kommunalsjef

Som mange sikkert kjenner til, har det over noko tid vore arbeidd med tilsetting i stillinga som kommunalsjef i Lom kommune. Administrasjonssjef Ola Helstad er derfor glad for å melde om at Kari Sveen nå er tilsett i stillinga.
- Vi har arbeidd med denne tilsettinga ei stund, og har bevisst vald å bruke nødvendig tid for å få tak ein medarbeidar som vil komplettere leiinga i kommunen med erfaring og kompetanse, seier Helstad. Kari har som dei fleste veit, arbeidd i Lom kommune tidlegare, faktisk i 18 år. Ho var sektorleiar for miljø, teknisk og landbruk i fleire av desse åra. Dei siste 4-5 åra har ho arbeidd fleire andre stader som har gjeve både ho og kommunen svært nyttig erfaring og oppdatert kompetanse, særleg innan det planfaglege.
Frå 2007 og fram til i dag har Kari arbeidd både i Oppland Fylkeskommune, Miljøverndepartementet, Fylkesmannen i Oppland og i dag i Vågå kommune.
Kommunalsjefen er stedfortreder for administrasjonssjefen.
Kari vil starte i stillinga i juni. Fram til det vil tenesteområdet miljø, teknisk og næring vera leia av Terje Hoel og Sander Sælthun.
Tips ein ven Skriv ut