Karius og Baktus på Raubergstulrennet

Karius og Baktus på Raubergstulrennet

Fastelavn - Blåmåndag - Feitetysdag - Oskeonsdag - Karneval

Karneval og faste

Det er karnevalstid. Vi er på veg inn i fastetida. Mange namn og skikkar er knytte til desse dagane. Fastetida er tida før påske. Men kjenner du bakgrunnen for dagane og tradisjonane?
Karius og Baktus på Raubergstulrennet

Fastelavn

Fastelavn tyder faste-aftan, slik som jul-aftan før juledagane. Fasta er 40 dagar før påske, etter mønster frå den tida Jesus var i øydemarka og fasta i 40 dagar og 40 netter. Fasta begynner onsdagen etter fastelavn, som utanom sundagane blir 40 dagar før påskedagen.

Blåmåndag

Blåmåndag er eit kjent uttrykk for ein dårleg dag, men opphavet til namnet er ei heilt anna. Tidlegare pynta ein altaret i kyrkja med eit blått klede denne dagen før fasta tok til.

Feitetysdag

Feitetysdag er namnet på siste dagen før fasta tek til. Då var det siste sjanse til å feite seg godt opp, slik at ein hadde noko å tære på i fastetida. Det var også eit høve til å tøme matskåpet for mat ein ikkje kunne eta i fasta.

Oskeonsdag

Oskeonsdag har namnet etter ein eldgammal skikk med å "kle seg i sekk og oske". Det var ei botshandling, eit teikn på anger og bøn til Gud om tilgjeving. Ein hadde ikkje noko å briska seg med framfor Gud og skulle difor stå fram så stussleg som råd som teikn på dette.

Karneval - farvel til kjøtet

Karne-val tyder "farvel til kjøtet". Det er - som feitetysdag - ein tradisjon for fest og fråtsing like før starten på fastetida. Ein sa farvel til kjøtet, eller den feite maten. Difor namnet karneval. I fastetida skulle ein berre eta usyra brød. Det tilsvarar vel kanskje hardbrød i vår mattradisjon. Karneval har etter kvart blitt nemninga for kostymefest i samband med inngongen til fastetida. Meir stoff kan du finne her.

Tips ein ven Skriv ut