Framside/Tenester til deg/Bygg og eigedom/Kart og oppmåling

Kart og oppmåling

For å kunne frådele ny grunneigedom eller opprette ny festegrunn for meir enn 10 år eller justering av eksisterande eigedomsgrense må det gjennomførast oppmålingsforretning (kartforretning). Dette betyr at grunneigedom eller festegrunn blir merka av med grensemerke, nøyaktig målt og kartfesta. Oppmålingsforretning kan også nyttast for å påvise eksisterande grense for heile eigedomen eller ei enkel grenseline.

Gjennomføringa av oppmålingsforretninga.

Kommunen er oppmålingsmynde og har ansvaret for å halde kartforretning. Styrar av kartforretninga går opp grensene i marka saman med dei partane det gjeld. Styraren kan gjere mindre justeringar av eksisterande grense dersom partane ønskjer dette. Er det tvil om kor eksisterande grense går, er det mogeleg å la styraren avgjere dette som valdgiftsdommar. Det skal førast protokoll frå forretninga og grensene blir merkte og målt nøyaktig opp.

Målebrev.

Etter forretninga utarbeider kommunen målebrev som viser grensepunkta, koordinatverdiar og kart. Målebrev over ny eigedom og grensejustering skal tinglysast. For kartforretning som berre dreier seg om eksisterande eiendomsgrenser uten grensejustering, er det ikkje krav om tinglysning.

  • Målgruppe for tenesta

    • Grunneigar som ønskjer å dele frå eigedom eller festegrunn.
  • Slik får du tenesta

    • Innsending av rekvisisjon av kart- og delingsforretning skal skje skriftleg. Skjer oftast i samband med søknad om deling og på same skjema.
  • Skjema og dokument

    • Skjema for søknad om deling og rekvisisjon av kart- og delingsforretning. Link til nettbasert søknad ligg til høgre på sida her, og nedlastbart skjema ligg i botnen av artikkelen.

  • Pris

    • Prisdøme på oppretting av matrikkeleining: Areal frå 0 - 500 kvadratmeter: 12.170,- Areal frå 501 - 2 000 kvadratmeter: 14.620,- Areal frå 2 001 kvadratmeter - auke pr. påbyrja dekar: 1.220,- Sjå fullstendig gebyrregulativ for 2016 her(PDF)

  • Kontakt

    • Stig Roar Mandal
  • Kontakt e-post

    • srm@lom.kommune.no
  • Kontakt telefon

    • 454 03 444
  • Lovgrunnlag

    • Lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova).
  • Rett til å klage

    • Behandling av klage etter reglane i forvaltningslova.
Tips ein ven Skriv ut