Kartlegging av skredfare og konsekvensar for utviklinga i kommunane

Nye aktsemdskart for skred og auka fokus på ansvar for førebyggande tiltak stiller store krav til kommunar og utbyggjarar. Landsstyret i Utmarkskommunenes Sammenslutning — USS — vil kartleggje kva konsekvensar nye skred- og rasfarekart kan ha for nærings- og busettingsutviklinga i kommunane.

Det er venta auka omfang av skred og andre naturskadar i åra framover som følgje av klimaendringar og auka nedbør, og det vert sett stadig sterkare fokus på kommunane sitt ansvar for å sikre menneske og byggverk mot slike farar og øydeleggingar. Nye aktsemdskart for skredutsette område gjev sterke føringar for vidare utbygging og utvikling innan svært areal i enkelte kommunar. Utmarkskommunenes Sammenslutning har 22.11.11 sendt ut brev til medlemskommunane med spørsmål om det er eit saksfelt som organisasjonen bør involvere seg i.

Lom kommune har gjeve tilbakemelding som viser korleis nye føringar medfører sterke avgrensingar i handlefridommen og store kostnader knytt til geofaglege utgreiingar og eventuelle sikringstiltak.

Problemstillinga berører mange kommunar, og det er viktig å få eit regelverk som let seg handtere i praksis.

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut