Kjeldesortering av avfall

Mengde avfall levert frå abonnentar i NGR aukar for kvart år. Det er difor viktig at gjenvinnbare fraksjonar blir utsorterte og leverte til godkjent mottak.
For å få ned volumet av avfallet blir alle abonnentar i NGR-området oppmoda om å drive aktiv kjeldesortering.
Husstandane får levere eit fastsett volum gjenvinnbart avfall gratis til miljøstasjonen. Mengder utover dette blir ilagt gebyr som næringsavfall.

Bedrifter får levere gjenvinnbart avfall til miljøstasjonen mot betaling etter fastsette satsar.