Klart for felles legevakt i Nord-Gudbrandsdal

Den nye legevaktordninga kjem i gang laurdag 15. januar kl 08:00, telefon 61 700 800

Det har lenge vore arbeidd med felles legevakt i regionen, og frå førstkomande laurdag kjem ordninga i gang knytt til Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter på Otta.
Legevaktsentalen er open kvardagar mellom kl 16 og 08 og heile dagen på alle helge- og helligdagar.
Telefonnummeret er 61 700 800 og du vil møte kvalifisert helsepersonell i telefonen.

Kontakt fastlegen på vanleg dagtid

I kontortid kvardagar mellom kl. 08 og 16 skal du kontakte fastlegen eller det kommunale legekontoret!

Telefonnummeret til helsesenteret i Lom er 61 21 72 00.

Bruk legevakta riktig

Legevakta sin oppgåve er å ta hand om tilstander som treng øyeblikkeleg hjelp, det vil seie akutt sjukdom og skader eller alvorlig forverring av sjukdom der behandling ikkje kan eller bør utsettast til kontortid.

Ring legevaktsentralen før du kjem

Du vil alltid treffe helsepersonell i telefonen, og dei kan vurdere kva for hjelp og skyss som er naudsynt – også før du kjem til legevakta.

Lokal lege i beredskap i Lom og Skjåk

På grunn av den lange reisetida til Otta, vil det vera lokal lege i beredskap i kommunane Lom og Skjåk. Denne legen vil bli sendt ut av legevaktsentralen når dei meiner at utrykkingstida er kritisk.

Viktige telefonnummer

Ved behov for lege i vanleg arbeidstid (kvardagar kl 08 - 16): kontakt helsesenteret, telefon 61 21 72 00.

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp mellom kl 16 og 08 og heile dagen helg- og helligdagar: ring 61 700 800.

Ved livstruande tilstandar: kontakt AMK på telefon 113.