Kommunedelplan for klima og energi

Alle kommunar i Noreg skal utarbeide ein plan for klima og energi. Kommunedelplan for klima og energi i Lom vart vedteken av Lom kommunestyre 17.06.2010. Kommunedelplanen tek utgangspunkt i regional plan for klima og energi, vedteken av regionrådet for Nord-Gudbrandsdal 27.06.2008.

Hovudmåla for kommunedelplanen

Kommunen skal aktivt bidra til at nasjonale målsettingar blir nådd når det gjeld:
- Reduksjon av klimagassutslepp
- Energiomlegging og energieffektivisering
- Betre utnytting av ressursane i skog og ved berekraftig produksjon av vasskraft
Det skal aktivt byggast kunnskap om fornybar energi og energibruk i offentleg verksemd,
næringslivet, skular/barnehagar og i befolkninga generelt.
Sjå klima- og energiplanen (pdf-fil, 557KB).