Administrasjonssjef Ola Helstad deler ut klokke for 25 år i Lom kommune til Ellen Sanden og Marit Kroken

Administrasjonssjef Ola Helstad deler ut klokke for 25 år i Lom kommune til Ellen Sanden og Marit Kroken

Klokke for 25 år i Lom kommune

I dag var det igjen tid for den tradisjonelle juleavslutninga i Lom kommune. Og det var tid for administrasjonssjef Ola Helstad å dele ut klokke til fire medarbeidarar som har gjort ein innsats for Lom kommune i 25 år.

Ellen Sanden (til venstre) og Marit Kroken fekk klokke av administrasjonssjef Ola Helstad for 25 år i Lom kommune.

Karen Bustad

Karen Bustad starta i vaktsentralen i 1984. Ho var ikkje til stades under utdelinga i dag, men vil få ei vel fortent klokke ved eit seinare høve.

Marit Kroken

Marit Kroken tok til i kommunen i 1978, og var da tilsett ved kjøkenet på helseheimen. Ho var nokre år ute av kommunen, men ho kom attende og har dei seinaste åra vore tilsett i barnehage. - Nyleg tok du fagbrev, sa administrasjonssjef Ola Helstad. Det er vi i Lom kommune glade for, og vi set stor pris på medarbeidarar som utviklar kompetansen sin, avslutta Helstad under talen ved utdelinga av klokka til Marit Kroken.

Ellen Sanden

Ellen Sanden har det meste av tida i dei 25 åra ho har vore tilsett i kommunen vore sekretær innan skuleområdet. I dag har ho sin arbeidsplass i servicetorget, men ho held framleis på med oppgåver for skule- og barnehageområda i Lom kommune.

Helen Stokke

Starta i Lom kommune i 1984. Ho har arbeidd i det som tidlegare var kommunekassa. No er ho i støttefunksjonen og har hovudansvaret for skatteinnkrevjinga i kommunen. Ho vil og få klokka ved eit seinare høve da ho ikkje var til stades ved juleavslutninga i dag.
Tips ein ven Skriv ut