Adminstrasjonssjef Ola Helstad hadde gleda av å dele ut klokke for 25 års teneste til leiande jordmor Ellen Olasveen

Adminstrasjonssjef Ola Helstad hadde gleda av å dele ut klokke for 25 års teneste til leiande jordmor Ellen Olasveen

Klokke for 25 år i Lom kommune

Kvart år før jul har vi ein tradisjonell juleavslutning på Midtgard. Og kvart år har administrasjonssjef Ola Helstad gleda av å dele ut klokke til medarbeidarar med 25 års teneste for Lom kommune. I år var det Ellen Olasveen, Terje Hoel og Torø Vaagaasarøygard som vart heidra på denne måten.

Klokke for 25 års teneste til leiande jordmor Ellen Olasveen

Leiande jordmor Ellen Olasveen

Ellen Olasveen vart fast tilsett i Lom kommune 1. september 1985, men før den tid var ho både ferievikar og midlertidig tilsett som sjukepleiar på Lom helseheim. Ho er no ein del av den felles jordmortenesta i Ottadalen.

Torø Vaagaasarøygard

Torø Vaagaasarøygard starta som kokk på Lom helseheim 1. juli 1984. Ho vart tilsett som kjøkenstyrar i 1986. Ho kunne ikkje vera til stades under utdelinga, men vil få den velfortente klokka ved eit anna høve.

Teknisk sjef Terje Hoel

Terje Hoel vart tilsett som avdelingsingeniør i Miljø, teknisk og næring 29. januar 1985. Han er no teknisk sjef og tenesteleiar. Terje Hoel kunne ikkje vera til stades under utdelinga, men vil få den velfortente klokka ved eit anna høve.
Tips ein ven Skriv ut