Administrasjonssjef Ola Helstad (i midten) deler ut klokke til Brit Hoft og Reidar Svare for 25 år i Lom kommune

Administrasjonssjef Ola Helstad (i midten) deler ut klokke til Brit Hoft og Reidar Svare for 25 år i Lom kommune

Pedagogisk vri på den tradisjonelle juleavslutninga

Klokke for 25 år

På den tradisjonelle juleavslutninga til Lom kommune denne veka var det to lærarar som fekk godord og klokke for 25 år i Lom kommune.
- Vi gjer ein pedagogisk vri på utdelinga i år når Brit Hoft og Reidar Svare står her for å få heider for lang teneste i Lom kommune, seier administrasjonssjef Ola Helstad. Dei er båe to lærarar og dei starta i Lom kommune på same dato, 1. august 1987.

Brit Hoft

Brit Hoft er utdanna i Elverum og jobba som lærar på Dal i Eidsvoll, Hå i Søndre Land og i Skjåk før ho starta på Odda skule. Frå 1995 har vore tilsett ved Loar skule.

Reidar Svare

Den første jobben i Lom kommune for Reidar Svare var som assistent i Loar barnehage. I 1993 vart han musikkskulelærar og frå 1994 har han vore rektor ved Lom musikk- og kulturskule. Reidar Svare fekk Lom kommune sin kulturpris for 2004.
Tips ein ven Skriv ut