Framside/Planar/Kommunal trafikksikringsplan

Trafikksikringsplan for Lom kommune 2008-2013

Trafikksikringsplanen si framside
Trafikksikringsplanen si framside

Trafikksikringsutvalet

Kommunestyret oppnemnde i 2007 eit arbeidsutval for utarbeiding av ein kommunal trafikksikringsplan. Vedteken trafikksikringsplan med revidert handlingsdel finst i dokumenta som er lenka under.Trafikksikringsutvalet er ei tverrsektorielt nedsett gruppe som arbeidde fram trafikksikringsplanen og har revidert handlingsdelen til denne i 2009. Utvalet er vidareført for fortløpande arbeid med trafikksikring med revidering av planen, søknadar om tilskot til tiltak, samt aktuelle sakar der trafikksikringsarbeidet bør stå sentralt. Trafikksikringsutvalet har følgjande samansetjing: Ordførar (Bjarne Eiolf Holø) Oppvekst (Tore Mundal) Helse (Liv Marie Øyjordet) Teknisk sjef (Terje Hoel) Politiet (Jon Håvard Strypet) Sekretær for utvalet er arealplanleggar Øyvind Sødal.

Rullering av trafikksikringsplan i 2013

Kommunal planstrategi for kommunestyreperioda 2012 - 2015 har fastsett at trafikksikringsplanen skal rullerast i 2013, der denna skal innarbeidast som ein kommunedelplan, -ein del av kommunens overordna planverk.
Tips ein ven Skriv ut