Landbruksinformasjon 2014

Landbruksinformasjon 2014

Kommunale midlar til landbruket i Lom 2014

Det er fordelt kommunale midlar til landbruket etter 1. søknadsfristen i år. Det er fordelt ca. 700.000 kr til ulike tiltak i landbruket i Lom. Kommunestyret i Lom har den 19.06.2014 gjort vedtak om å løyve 150.000 kr til tilskot til avverking i skogbruket i 2014.

 

Fristen for å søkje om kommunale midlar til landbruket i Lom var 15. mai 2014.

Det er kome 17 søknader. Det er løyvd 609.700 kr til ulike tiltak i landbruket:

  • 336.000 kr til etableringstilskot ved kjøp eller overtaking av landbrukseigedom med aktiv drift (fordelt på 8 søkjarar)
  • 179.700 kr til driftsbygningar i landbruket (fordelt på 3 søkjarar)
  • 4.500 kr til vatningsanlegg (1 søkjar)
  • 94.500 kr til andre tiltak i landbruket, organisert beitebruk (fordelt på 3 søkjarar)

Utover dette er det utbetalt 89.218 kr til mjølkekvotekjøp (fordelt på 31 søkjarar).

Det er også avsett midlar til Norsk Landbruksrådgiving og skogbruksleiarstillinga.

Kommunestyret i Lom har den 19.06.2014 gjort vedtak om å løyve 150.000 kr til tilskot til avverking i skogbruket i 2014. Regelverket for kommunalt tilskot til skogbruk blir følgjande:

Tilskot til avverking (nytt formål):

a. Det blir gjeve inntil kr. 40 pr. m3 i tilskot til avverking

b. Avverkinga må vere i samsvar med «Norsk PEFC Skogstandard», og tilfredsstille «Forskrift om berekraftig skogbruk»

c. Virket skal vere levert for sal, dvs. at det skal vere registrert i VSOP

Tilskotssatsen til drift i bratt terreng blir endra frå inntil kr 40 til inntil kr 20 pr. m3.

Formannskapet ser det som viktig å stimulere til auka avverking, og vil sjå positivt på å vidareføre ordninga med kommunalt tilskot til avverking i 2015.

Neste søknadsfrist for å søkje om kommunale midlar til landbruket blir 15. oktober 2014. Etter denne fristen vert det fordelt restmidlar for 2014.

Tips ein ven Skriv ut