Kommunebarometeret2017_1024x563

Kommunebarometeret 2017 - TOPP 20!

Lom kommune er blant dei 20 beste kommunene i landet, i fylje Kommunal rapport nr. 12. torsdag 30. mars. I rangeringa "Kommunebarometeret", som kan sjåast på som eit "NM i kommune", utmerkar Lom seg både innan grunnskule og pleie og omsorg!

Det endelege resultatet for 2017 blir kjent i juni. 

Kva er kommunebarometeret?

Eit NM i kommune: Kvart år rapporterar alle kommuner tal for alle tenesteområde inn til staten(KOmmune-STat-Rapportering) Desse KOSTRA-tala dannar eit grunnlag for å sjå kommunene opp mot kvarandre: Nærare bestemt 141 nykkeltal fordelt på 12 sektorar. Kommunebarometeret hentar og andre tal frå SSB, Utdanningsdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norsk kulturindeks. 

Kvifor eit kommunebarometer?

Det er magasinet Kommunal Rapport som står bak kommunebarometeret. Hovudmålsetjinga med ei slik rangering er at lokalpolitikarar ska kunne få eit oversiktleg bilde av korleis drifta er i kommunen dei styrer. Kommunebarometeret er vel så viktig for "alle oss" som bur i kommunen, og kan reknast som ein effektiv måte å få innsyn i drifta vår!

Her kan ein sjå korleis Lom ligg an på kommunebarometeret innan områda Grunnskule og Pleie og omsorg
Her kan ein sjå korleis Lom ligg an på kommunebarometeret innan områda Grunnskule og Pleie og omsorg. Klikk på bildet for å få det større!

Lom kommune i toppsjiktet

Lom har og tidlegare hatt gode plasseringar i Kommunebarometeret. I år ligg vi an til ein 6. plass! Det er dei innhenta tala frå grunnskulen og pleie og omsorg som utmerkar seg spesielt godt for Lom denne gongen. Grunnskulen i Lom har over fleire år kunne synt til gode resultat, no er det ekstra triveleg å sjå at det gode arbeidet som og blir gjort innan pleie og omsorg blir synleg!

Du kan sjå meir om kommunebarometeret her(LENKE)

Her finn du eit oversyn over dei forskjellige tala(LENKE)

Tips ein ven Skriv ut