Resultat for Lom kommune 2017 - Kommunebarometeret

Resultat for Lom kommune 2017 - Kommunebarometeret

Kommunebarometeret: Lom kommune gjer det godt!

Kommunebarometeret for 2016 er nyleg gjort kjent  - og Lom kommune viser gode resultat med positiv utvikling frå førre rangering.  Det er særleg innan pleie og omsorg det er vist stor framgang.   At vi frå før har gode resultat innan skule er godt kjent.

Elin Jeanette Ulen, Bjørn Bakke og Oda Evy Øyen seier seg nøgde med gode resultat innanfor Helse og Pleie og omsorg.
Elin Jeanette Ulen, Bjørn Bakke og Oda Evy Øyen seier seg nøgde med gode resultat innanfor Helse og Pleie og omsorg.

Administrasjonssjef Ola Helstad kommenterer kommunebarometeret slik: «Det er ikkje sjølvsagt at ei lita kommune som Lom hevdar seg så godt på viktige område som pleie og omsorg, helse og skule». Eg er særleg glad for utviklinga innan pleie og omsorg.   Dreiing av tenesta, innføring av velferdsteknologi, fokus på demensomsorg og kompetansebygging  er viktige årsaker til positivt resultat.  At elevane i grunnskulen i Lom går ut med gode resultat er godt kjent og er resultat av godt arbeid frå barnehage og gjennom grunnskule.  Det går og fram at kostnadsnivået er høgt, noko det må arbeidast med.  Vidare er det kartlagt område med forbetringspotensiale.  Likevel og alt i alt må det rettast ein stor takk til alle tilsette i kommunen for godt bidrag til gode resultat! Det er jo ein samla organisasjon som leverer totaltresultatet!»

Det er elles grunn til å nemne at våre gode grannar i Dovre og Lesja har svært gode resultat.  Særleg må Dovre nemnast som vinnar av Kommunebarometeret 2017.

Om du ynskjer meir info. om rangering og kva som ligg bak dei ulike områda er det berre å ta kontakt med administrasjonssjefen.

Kommunebaromteret er ei samling av totalt 141 relevante styringsindikatorar som alle kommunane i landet rapporterer inn. 

Administrasjonssjef Ola Helstad orienterer om årets resultat
Administrasjonssjef Ola Helstad orienterer om årets resultat
Resultat for Lom kommune 2017 - Kommunebarometeret
Resultat for Lom kommune 2017 - Kommunebarometeret
Tips ein ven Skriv ut