Kor gjeld planen?
Innan planområdet er det frå før fleire meir detaljerte planar. For område omfatta av tidlegare reguleringsplan gjeld desse føre kommunedelplanen. Der det er avvik mellom kommunedelplanen og eldre reguleringsplan, er arealbruk i kommuneplanen retningsgivande ved revisjonar av reguleringsplanane.Hovudtrekka i planen.
Det er lagt opp til eit forholdsvis kompakt sentrum med klar avgrensing mot areala rundt. Sentralt i planarbeidet var behovet for å finne areal for nye bustadområde og for å leggje til rette for framtidig utviding av ulike sentrumsfunksjonar. Til dømes var behov for tilgjengelege bustadtomter nær sentrum ut frå erfaringstal i kommunen stipulert til 50-60 bustadtomter i planperioden (10 år).