Kommunedelplan for Nordsetrene.

Kommunedelplan for Nordsetrene vart vedteken av kommunestyret 01.07.2009. Føremålet med planen var å avklare den overordna arealbruken i området både på bakgrunn av innkomne søknader/private reguleringsplanforslag og med omsyn til interesser som landbruk, friluftsliv, naturvern og kulturminnevern. Planinnhald og prosess går fram av plankartplanføresegner og sakspapira.

I kva for område gjeld planen?

Planområdet omfattar om lag 9.640 da av Vårdalen statsallmenning, og er avgrensa av kommunegrensa mot Vågå mot nord og aust, mot vest over Havyrjun og mot sør til Byrtneshåmåren/Byrtnes.

Arealføremål i planen.

  • Utviding av område for næringsutvikling/ reiseliv ved Brimi Fjellstugu (E1).
  • Landbruks-, natur og friluftsområde (LNF) der oppføring av bygg for spreidd næringsverksemd er tillate (LNF-LN) - område ved Brimi seter og Lyngve Nordgard seter. Det er stilt krav om utarbeiding av reguleringsplan.
  • Område for sesongparkering av campingvogner (LNF- F2), og for tilkomst til Tesse med bil og båthengar (LNF-F1) ved utløpet av Ilva.
  • Framtidig vegtrasé frå Brimiskogen Klatrepark til Bjønnskardet hyttefelt og Kleppdalsvegen (Bjønnskardet). Delar av vegtraseen ligg i Vågå kommune. Nøyaktig traséval og nødvendige omsyn til automatisk freda kulturminne, til turstig og skiløype må avklarast gjennom reguleringsplan. Det same gjeld spørsmål om bruk av vegen for dei som har bruksrettar og eventuell stenging av vegen i sommarhalvåret. Vegen vil tene som vinterveg for hyttefelt, Vianvang m.m.
  • Område for råstoffutvinning i Tessemagasinet som omfattar eit mindre areal for uttak av grus/sand ved utløpet av Ilva og eit større område for steinuttak søraust for utløpet av Ostjønnin. For begge områda er det stilt krav om utarbeiding av reguleringsplan før uttak kan starte.
  • Parkeringsareal på Sandbakken, nord for Brimi Fjellstugu og ved klatreparken.
  • Landbruks-, natur og friluftsområde (LNF) som omfattar størstedelen av arealet i planområdet. I LNF-områda er det generelt forbod mot bygge- og anleggsverksemd som ikkje er knytt til landbruksnæringa. Ulike landbruks-, natur og friluftsområde (LNF) der det ut over det generelle byggeforbodet i LNF-områda - skal takast særskilte omsyn til kulturminnevern (LNF-K1 nord for Langmyrin og LNF-K2 som omfattar den sentrale seterbygnaden på Nordsetrene), naturvern/kulturminnevern (LNF-NK1 ved Ostjønnin) og naturvern for ivaretaking av gyte- og oppvekstvilkår for Tesseauren (LNF-N2 ved Krokutbekken/Erløken).

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932