Framside»Administrasjon»Grafisk profil»Kommunelogo
Kommunelogoa

Kommunelogo

Kommunelogoen er sett saman av ordet Lom og kommunevåpenet.

Om logoen

Til Lom er det brukt skrifttypen Garamond. Det er den einaste fonten som skal brukast på ordet Lom i logoen med eller utan kommunevåpen (sjå også side 24).

Samansetnad av ordet Lom og kommunevåpen skal vere som vist her. Det skal ikkje brukast andre plasseringar eller andre proporsjonar mellom ordet Lom og kommunevåpenet.

Kommunevåpenet skal attgjevast i blå (PMS refleks blå) og sjeltreko i kvit eller sølv. Trykk i sølv (pan 877) skal brukast berre på offiesielle dokument. For å få fram sølvpreget kan det i særskilde tilfelle brukast sølvfolie.
Ordet Lom i brun (PMS 4975). Kommunelogo kan attgjevast i einfargar eller svart/kvit.
Som unntak kan brunfarga bytast ut med svart.
Det er berre Lom kommune som kan bruke kommunevåpenet. Våpenet blir brukt i tilknyting til den offisielle delen av Lom.

Tips ein ven Skriv ut