Kommuneplanen sin arealdel

Gjeldande arealdel til kommuneplanen vart vedteken av kommunestyret 14.oktober 2003. Planinnhald og prosess går fram av plankart og planføresegner.

I kva område gjeld planen?

Kommuneplanen omfattar alle areal i kommunen utanom sentrumsområda i Fossbergom, Garmo, området Galdesand/Raubergstulen, Leirmo og nokre få mindre område. Ligg det føre andre og meir detaljerte planar som t.d. kommunedelplanar og reguleringsplanar, gjeld desse og ikkje kommuneplanen sin arealdel.
Hovudtrekk i kommuneplanen er ein arealbruk som legg til rette for utbygging nede i dalen. Høgareliggjande område er LNF-område (landbruks- natur- og friluftsområde) eller verna i medhald av naturvernlova.

Landbruks- natur- og friluftsområda (LNF).

LNF-områda utgjer størstedelen av arealet i kommunen og omfattar om lag 1267 km2. Innafor LNF-områda er det forbod mot bygging som ikkje er knytt til primærnæringa (i hovudsak landbruk).

Bustadbygging utanfor sentrumsområda.

5 mindre område i Lia (SB1 og SB2SB3 og SB4SB5) og eitt ved Graffer (SB6)er det høve til spreidd bustadbygging. I Øvergrend er det lagt ut to mindre bustadområde (B1 og B2). Her er det tilrettelagt med offentleg vatn og avlaup.

Reiselivsbedrifter utafor sentrumsområda.

Innanfor bedriftsområda er det gjeve mogelegheiter for utvikling/modernisering av eksisterande turisthytter, campingplassar og reiselivsbedrifter.

Nye næringsområde.

Ved planvedtaket vart det lagt ut eit nytt areal for næring/reiseliv ved Tesseosen (E3), ei utviding av næringsareal ved pelsdyrfarmen ved Lågkollen (E1) og utviding av området ved Sommarskisenteret (justering av vernegrensa).

Fritidsbustadar.

Kommuneplanen legg opp til ei vidareføring av ein restriktiv politikk når det gjeld hyttebygging, men i planen vart det vedtatt eit nytt hyttefelt innafor statsallmenninga i Leirlia (H2), ei avgrensa utviding av hyttefeltet ved Bøvertjønnin (H1) og eit fåtal hytter på privat grunn i Søre Lia (H3 og H4). Det er krav om utarbeiding av reguleringsplan før utbygging av desse felta.

Verneområde – bruk og vern av vassdrag.

Område som var verna etter naturvernlova ved planvedtaket i 2003, omfatta om lag 582 km2. Dei verna områda omfatta da Jotunheimen nasjonalpark og 3 naturreservat (Risheimsøyin, Åsjo, og Smådalsvatna). Sidan har det blitt verna store område som i planen er lagt ut som LNF-område i tilknyting til utlegging av Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar.
Dei verna vassdraga Bøvre med Leira, Visa og Finna med sideelvar, vert forvalta i tråd med rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag.

Motorferdsel i utmark.

Reglane for motorferdsel er innordna i planen og på plankartet. Reglane gjev rom for nyttetransport etter retningsliner med ei streng haldning til motorferdsel innafor sårbare høgfjellsområde. Område der det er særlege restriksjonar i høve til dei vanlege reglane for motorferdsel i utmark, er teikna inn på plankartet.

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

Opningstider servicetorget:
Måndag-fredag 8:00-15:30

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932