Skjermbilde 2016-02-18 kl

PRESSEMELDING:

Kommunereform – Lom og Skjåk-alternativet

Forhandlingsutvalet som er sett saman av formannskapa i Lom og Skjåk, representantar for dei tilsette og ungdomsgruppa, har forhandla om ei intensjonsavtale for den nye kommunen Lom og Skjåk. Forhandlingsresultatet skal nå opp i dei to kommunestyra før det blir sendt på ei brei offentleg høyring. Målet er å få eit endeleg vedtak 23. juni i år. Ny kommune vil stå fram frå 1.1.2020. 

 

 

Forhandlingsutvalet har lagt til grunn utgreiinga «Kommunereform; utgreiing av Lom og Skjåk  alternativet 2015»  som viser ulike utviklingstrekk ved dei to kommunane, og kva sterke og svake sider ein ny kommune vil ha. Intensjonsavtala inneber i korte trekk følgjande: 

 

  • Eit kommunestyre på 21 medlemmer
  • Lom og Skjåk er det nye kommunenamnet
  • Kommunevåpenet blir skjeltreko (i nåverande eller revidert form)
  • Det skal vere to levande og utviklingskraftige bygdesenter i den nye kommunen, Fossbergom og Bismo. 
  • Sentraladministrasjonen, dvs politisk og administrativ leiing skal lokaliserast i Bismo. Det kan unntaksvis vurderast å leggje andre delar av administrasjonen til eigna lokale på Fossbergom
  • Det etablerast eit senter for plan, samfunns- og næringsutvikling på Fossbergom.
  • Lom og Skjåk kommune skal ha to sjukeheimar – Skjåkheimen og Lom helseheim. 
  • Det skal vere legetenester i begge dei to tettstadane. 
  • Lom og Skjåk kommune skal ha fritt barnehage og skuleval. 
  • Det skal vere barne- og ungdomsskular i Skjåk – og Lom bygdedelar. 
  • Det skal arbeidast for fortsatt lokalt eigarskap til kraftrettar og å utvikle eigarrolla til kraftselskap. 
  • Det skal vere eit felles næringsfond. Det må utarbeidast nye vedtekter for fondet. 

 

Arbeidet har ein stram tidsplan;

  • 02. mars: Forslag til intensjonsavtale blir gjort offentleg og sendt til kommunestyremedlemmene  i Lom og Skjåk
  • 10. mars: Kommunestyra i Lom og Skjåk behandlar forslag til intensjonsavtale og sender ho eventuelt ut på høyring
  • Folkemøte i Lom og Bismo. Endeleg tidspunkt blir avklart om kort tid. 
  • 11. april: Høyringsfrist.
  • 19. april: Utsending av saksdokument med innarbeidde høyringsuttaler til felles kommunestyremøte
  • 28. april: Felles kommunestyremøte.
  • 02. mai: Utsending av informasjon til innbyggjarane.
  • 22. mai: Folkeavrøysting.
  • 23. juni: Felles kommunestyremøte – endeleg vedtak.
  • 01. juli: Svarfrist til staten.

 

 

 

 

For meir informasjon: 

Eli Johanne Lundemo 

Saksutgreiar

Telefon: 907 48 377

E-post: Eli.Johanne.Lundemo@skjaak.kommune.no 

 

Ola Helstad 

Adminstrasjonssjef Lom kommune

E-post: ola.helstad@lom.kommune.no

 

Bjarne Eiolf Holø

Ordførar i Lom kommune

E-post: bjarne.eiolf.holo@lom.kommune.no

Klikk her for å lesa dokumentet "Utgreiing av Lom - Skjåk - alternativet 2015" (Lenke)

Tips ein ven Skriv ut