Framside/Om kommunereforma

Kommunereform

Styringsgruppa for kommunereforma i Lom og Skjåk har oppretta seks arbeidsgrupper i det vidare arbeidet med reforma. Desse hadde fellesmøte 16.april for å drøfte bakgrunn for arbeidet, arbeidsform og vidare opplegg. Om lag 30 personar deltok på samlinga. Gruppene er sett saman av politikarar frå opposisjon og posisjon i Lom og Skjåk (4 personar), sekretær frå administrasjonane. I fleire av gruppene er tillitsvalde representerte.

Gruppene er:

  1. Næring, naturforvaltning, miljø, klima og kraft
  2. Arbeidsgjevarpolitikk og rekruttering
  3. Nyskaping og innovasjon
  4. Oppvekst – barn og ungdom
  5. Helse, sosial og omsorgstenester
  6. Infrastruktur og sentrumsplassering  

Gruppene skal rapportere til styringsgruppa innan 20 juni i år.

Tips ein ven Skriv ut