Framside»Administrasjon»Grafisk profil»Kommunevåpenet
kommunevapen

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet for Lom har sitt utgangspunkt i sjeltrekoa som var nytta til spreiing av vatn utover jorda. Kommunevåpenet er det offentlege symbolet for Lom kommune og kan berre brukast av Lom kommune. Våpenet skal berre reproduserast i blå (PMS refleks blå) og kvit. Sølvfarge kan erstatte kvitfarga på skilt, merke, gåveartiklar og på trykksaker dersom det teknisk er hensiktsmessig.

Kommunevåpenet kan aldri brukast i negativ versjon og den skal heller aldri attgjevast med omriss i kvitt eller andre fargar. Kommunevåpenet kan attgjevast i einfargeversjon eller svart/kvitt-versjon.  Saman med namnet Lom må plasseringa fylgje retningslinene på neste side.

Tips ein ven Skriv ut