800CROPIMG_2379 kopi_90

Kondolanseprotokoll til Frankrike

Nok ei ufatteleg og meiningslaus hending har råka verda vår. Denne gongen med terrorangrep i havnebyen og turistbyen Nice i Frankrike. Kva kan vesle Lom gjere for å minnast tapa av menneskeliv og vise vår motstand mot terrorangrep?

Syner medkjensle

Saman med Bakeriet i Lom som er ein internasjonal arbeidsplass har Lom kommune oppretta ein kondolanseplass med protokoll, som etter at den vert lukka skal overleverast til den Franske ambassaden i Oslo.

Vi ynskjer med dette å vise vår medkjensle med alle dei som er råka både direkte og indirekte av denne terrorhandlinga seier baker Morten Schakenda, varaordførar Anne-Lise Marstein og ordførar Bjarne Eiolf Holø. 

Signer protokollen

Vi håpar at mange stoppar opp og skriv sin helsing i protokollen ute ved bakeriet. Lom er i likskap med Nice ein stad med mykje turistar der alle nasjonalitetar møtast. Vi ynskjer nå at alle viser ein spesiell omtanke med våre franske gjestar som besøker Lom desse hektiske sommarveka!

800CROPIMG_2361 kopi_90
Tips ein ven Skriv ut