Konsesjon
Konsesjon er løyve til å erverve/kjøpe fast eigedom. Alt erverv av fast eigedom er i utgangspunktet konsesjonspliktig.
Konsesjon er ikkje nødvendig når:
- eigedommen er ei ubygd enkelttomt for bustad eller fritidshus under 2 daa og er godkjent frådelt etter plan- og bygningslova og jordlova (§4),
- eigedommen er ei ubygd enkelttomt for bustad eller fritidshus som ligg i eit område som i kommuneplanens arealdel, reguleringsplan eller bebyggelsesplan etter plan- og bygningslova er lagt ut til byggjeområde, og der tomteinndelinga er gjennomført eller godkjent (§4),
- andre ubygde areal, dersom dei ligg i eit område som i reguleringsplan er regulert til anna enn landbruksområde, eller som i kommuneplanens arealdel er lagt ut til byggjeområde (§4)
- eigedommen er bygd ut og ikkje større enn 100 daa, der ikkje meir enn 20 daa av arealet er fulldyrka (§4)
- kjøpar har odelsrett til eigedommen eller er i nær slekt med seljar (§5)
Slik får du tenesta
- Elektronisk søknad finn du i sjølvbeteningsboksen på høgre side. Du kan og vende deg til kommunen for å få skjema.
Kontakt
- Jordbrukssjef Silke hansen
Kontakt e-post
Lovgrunnlag
- Konsesjonsloven, Odelslova