Framside»Politikk»Kontrollutvalet

Kontrollutvalet i Lom kommune

Kommunestyret har det øvste tilsynet med den kommunale forvaltninga. Kontrollutvalet har som oppgåve å utføre kontroll og tilsyn med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret, og er eit lovfesta, obligatorisk utval. Kontrollutvalet skal utøve arbeidet sitt i henhold til kommunelova og forskrift for kontrollutval.

Kontrollutvalet kan ta opp eit kvart forhold ved den kommunale verksemda, så lenge det kan definerast som kontroll og tilsyn. I tillegg kjem enkelte konkrete lovfesta oppgåver. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning, og gjennomføre og følgje opp forvaltningsrevisjonar og selskapskontrollar.

Sekretariatet

Kontrollutvalet skal ha eiga sekretariat, som til ei kvar tid skal yte kontrollutvalet den bistand som utvalet finn naudsynt for å kunne ivareta oppgåvene sine. Kontrollutvala i kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk har felles sekretariat.

Revisor

Revisjonstenestene utførast av Nord-Gudbrandsdal kommunerevisjon IKS.

Kontaktinformasjon

Har du tips eller noko som du vil at kontrollutvalet skal sjå nærare på, ta kontakt med leiar eller nestleiar eller send ein e-post til sekretariatet.

Sekretariatet for kontrollutvalga i Nord-Gudbrandsdal
Sognefjellsvegen 6
2686 Lom.

Telefon 469 11 018.
E-post: morten.sorhage@lom.kommune.no.

Heimesida til SKNG.no

Lovheimlar og reglement

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut