Team Lom i full gong med NasjonalparkSKriket

Team Lom i full gong med NasjonalparkSKriket

70 deltakarar i Team Lom så langt

Korslaget slår an

Den originale folkehelsesatsinga "NasjonalparkSKriket - det store korslaget i Nord-Gudbrandsdalen" har verkeleg slege an. I alle seks norddalskommunane kappast nesten bygdafolk i alle aldrar og fasongar om å vera med. I Lom har så langt heile 70 stilt opp til øving! Og det er framleis plass til fleire av båe kjønn. Særleg karar blir utfordra til å stille. Øving onsdagar kl. 19.30-21 på ungdomsskulen.
Det er folkehelskoordinator i Nord-Gudbrandsdalen Stian Høglien som har sett i gong dette heilt spesielle folkehelseprosjektet. Fram til laurdag 19.mai skal eit prosjektkor frå kvar kommune øve inn tri songar. Ein er sjølvvald og ein er pliktnummer. Desse syng kora kvar for seg og i konkurranse med einannan. Den tredje songen er eit fellesnummer.
Laurdag 19.mai møtest alle til triveleg dyst i Vågåhallen. Fyrstepremien er 40 000 kr som skal gå til folkehelsetiltak i eigen kommune.
Tips ein ven Skriv ut