Kriminell påske
Påskekrimmen er bestilt og blant dei nye bøkene finn vi blant andre Arven etter de døde som er siste bok i den prislønna Roth-trilogien av Andrew Taylor. Philip Kerr har avslutta Berlin noir-trilogien med Et tysk rekviem. Dei som har hang til det bestialske kan gle seg på Ritualer, ei ny bok av Mo Hayder. Håkan Nesser, Arnaldur Indridason, Camilla Läckberg, Merete Junker og Leif G. W. Persson presenterer nye nordiske mordgåter. Av dei nye bekjentskapa kan vi nemne svenske Kristina Ohlsson som kjem med romanen Askepott og islandske Arni Thórarinsson med romanen Heksens tid. Øystein Wiik, best kjend som songar, debuterer med operakrimen Dødelig applaus. Svenske Lars Keppler har kome med boka Hypnotisøren der han skriv om politimannen Joona Linna. Dette er ein planlagt serie på 8 bøker og filminnspelinga startar i løpet av året. Sist, men ikkje minst, kjem Magnhild Bruheim med boka På flukt, ein ny kriminalroman for ungdom. Vi gler oss på ei kriminelt god påske! Vil du lesa meir om bøkene og stå på venteliste, kan du søkje dei opp i katalogen vår.







