Reguleringsplanområdet omfattar ca. 150 dekar, og om lag 60 grunneigedomar er råka av planforslaget. Hovudelementa i planen er:
- Bustadbygging på Kroken
- Bygging av omsorgsbustader på i Krokamyra
- Regulering av Hovsvegen og delar av Eggjalivegen som tilkomstveg for dei nye byggeområda
- Omlegging av Gammelvegen over Kulihaugen (2. alternativ)
- Regulering av byggeområde for offentlege føremål på Kulihaugen
- Regulering av offentleg areal ved Lom helseheim som er uregulert
- Regulering av eldre bustadområde innafor planområdet som er uregulert
Reguleringsplanen vart lagt ut på høyring som to alternative forslag med ulike vegtrasear for vegomlegging over Kulihaugen. Kommunestyret vedtok planalternativ 1, med omlegging av veg over Kulihaugen etter det mest omfattande alternativet.
To partar klaga på vedtaket. Klage frå Opplysningsvesenets fond på arealbruk Kulihaugen vart sluttbehandla av kommunestyret 26.01.06. Klage frå ein privat oppsittar når det gjeld vegframføring Hovsvegen m.m. vart ikkje teken til følgje av fast utval for plansaker, og kommunen sitt vedtak vart stadfesta av Fylkesmannen.