Pressemelding frå Bøverbrus

Kroken på døra for Bøverbrus

Vinterfestivalen Bøverbrus har skapt liv og røre i Bøverdalen ei helg i året sidan 2008. Festivalen har hatt hovudfokus på vinteraktivitetar men også hatt årlege kunst- og kulturinnslag.
Festivalkomiteen har stort sett vore samansett av dei same folka alle tre åra. Komiteen har på mange måtar og ved mange høve freista å rekruttere nye medlemmer til festivalkomiteen og friviljuge til festivalen, utan særleg hell. Det har diverre vist seg å være vanskeleg å rekruttere folk til festivalkomiteen.
Etter fire års innsats og tre vellukka festivalar tykkjer no denne komiteen at me har gjort vårt. Me i komiteen har hatt utrulege mykje moro med Bøverbrus, det har vore eit kjempegivande arbeid og me er svært fornøygde med det me har fått gjennomført på desse tre åra! Visjonen til festivalen var å synleggjere kvalitetar ved Bøverdalen vinterstid, skape aktivitet og inspirere til utvikling i ei roleg tid. Komiteen er fornøgde med det me har oppnådd på dette området.

Vil gjerne hjelpe ny komité

Det er mykje engasjement i Bøverdalen, og me hjelper gjerne ein ny festivalkomité på veg om det er nokon som kan tenkje seg å overta stafettpinnen. Festivalsjef Marit Sletten seier det slik: - Eg er kjempefornøygd med det me har fått gjennomført! Det er synd at me ikkje har klart å rekruttere ein ny festivalkomité, for det har vore utruleg moro å arrangere Bøverbrus. Takk for støtte og hjelp frå alle samarbeidspartnarar! Takk for friviljug innsats frå engasjerte medspelarar! Takk for oss! Bøverbruskomiteen
Tips ein ven Skriv ut