Framside/Tenester til deg/Kultur og fritid
Foto: Palookaville / Johan Wildhagen

Søk tilskot til kultur- og naturbasert næringsutvikling. Frist 1.februar!

24. januar 2017

Regionrådet har løyvd kr. 800 000 til aktivitetar innanfor kultur- og naturbasert næringsutvikling i 2017.
Ynskjer du å søkje om eit tilskot? Da må du sende inn ein søknad innan 1. februar 2017. 

Her kan du lese meir om retningslinjane for bruk av midlar til kultur- og naturbasert næringsutvikling, og kva som vil bli vektlagt i handsaming av søknaden.

Lom husflidslag sine kurs hausten 2015

22. juni 2015

Lom Husflidslag arrangerer ei rekkje spanande kurs, her er det berre å melda seg på!

Holø og Gelius legg ned krans ved minnestøtta for dei frå Lom som fell under andre verdskrigen

70 år sidan krigen tok slutt

08. mai 2015

Det er 70 år sidan 2. verdskrig tok slutt i år. Bjarne Eiolf Holø og Einar Gelius la ned krans ved minnestøtta for dei to frå Lom som fell under krigen:

Asbjørn Gutubø var gardsarbeidar på Vågard i Norderhov når krigen braut ut. Han vart skoten i aprildagane 1940 når han var ute på sykkeltur.

Sigurd Strind var styrmann og radiotelegrafist på skipet ”Fingal”. Fingal vart torpedert utanfor Sidney i Australia i 1943.

Lom heimbygdslag og Lom kommune inviterer til markering på Fossberg i kveld kl. 19.00, alle er velkomne!

Kulturkalender - "Kva skjer i Lom"

19. mars 2015

Informasjon om arrangement ein ynskjer å kunngjera i  "Kva skjer i Lom" på kommunen si heimeside kan sendast til post@lom.kommune.no  
Informasjonen må også innehalde kontaktperson og telefonnummer.

Trygt heim for ein 50-lapp

05. desember 2014

Ordninga er til for ungdom i alderen 15 og 22 år som treng trygg transport heim frå arrangement.

For å kunne bruke ordninga, må arrangør melde inn arrangementet til kristin.haave@regionkontoret.no helst ei veke før arrangementet. Når det er gjort, vil arrangør få beskjed om kva for telefonnummer du skal ringe for å bestille drosje.

Du må sjølv bestille transporten før kl. 18.00 på ettermiddagen og du må betale ein eigendel på kr 50,- viss tre køyrer saman. Er det færre enn tre, aukar eigendelen.

Viss du har bestilt taxi, men finn ut at du ikkje skal bruke han, MÅ du ringe og avbestille. Har du spørsmål om ordninga, kan du kontakte Kristin Haave på telefon 481 97 032.

Kulturmidlar. Søknadfrist 15.mars kvart år.

Det kan søkjast driftsmidlar til kultur og idrett årleg innan 15.mars.

18. desember 2012

Kroken på døra for Bøverbrus

Pressemelding frå Bøverbrus

27. januar 2011
Vinterfestivalen Bøverbrus har skapt liv og røre i Bøverdalen ei helg i året sidan 2008. Festivalen har hatt hovudfokus på vinteraktivitetar men også hatt årlege kunst- og kulturinnslag.
Festivalkomiteen har stort sett vore samansett av dei same folka alle tre åra. Komiteen har på mange måtar og ved mange høve freista å rekruttere nye medlemmer til festivalkomiteen og friviljuge til festivalen, utan særleg hell. Det har diverre vist seg å være vanskeleg å rekruttere folk til festivalkomiteen.