På klatring i klatreparken

På klatring i klatreparken

Kulturbygging i helse- og velferd

Forrige veke var alle tilsette i tenesteområdet helse- og velferd invitert til eit felles kulturbyggingsopplegg i Bøverdalen.Det heile starta med ei 2,5 timers økt i Klatreparken på Raudbergstulen. Her deltok i alt 15 tilsette.
På grunn av nysnøen som hadde lagt seg på apparatene vart utfordringane ekstra store og glatte! Etter ein sikkerheitsinstruksjon av Jan Slålien, hoppa dei- eller skal vi seia slengde dei seg i det og tok utfordringane som kom, sjølv om dei vart større og større og høgre og høgre ettersom dei tok seg fram i løypa. Leiar i helse og velferd Bjørn Bakke var einaste mannlege deltakar og vart mektig imponert over kor mange tøffe damer dei har i tenesteområdet.
Undervisning på Storhaugen
Undervisning på Storhaugen

Samling på Storhaugen

Etter å ha prøvd seg som Tarzan og Jane - eller apekattar kanskje, samlast dei seg nede på Storhaugen der dei hadde invitert Jan Christophersen som er psykologspesialist i arbeids- og organisasjonspsykologi til å halde eit foredrag. Her slutta fem tilsette seg til forsamlinga slik at det totalt vart 20 tilsette. Etter ca ein time med svært interessant foredrag som hadde fokus på dei utfordringane dei står ovenfor innafor eit tenesteområde med så mange ulike små fagområder, vart forsamlinga delt inn i fire grupper og arbeidde ca i ein time med nokre sentrale spørsmål/problemstillingar som Jan utfordra dei på. Det som kom fram frå gruppearbeidet vil bli gjennomgått, oppsummert og presentert for alle tilsette litt seinare. Det heile vart avslutta med ein nydeleg 3-retters middag på Storhaugen.
Tips ein ven Skriv ut