Lom samfunnshus 2010

Lom samfunnshus 2010

Variert program og kulturstipend og -prisutdelingar

Kulturfest i Lom samfunnshus

Haustkveld under Lomseggen vart avvikla i Lom samfunnshus fredag 28.okt. Dette var truleg siste kulturkvelden i det gamle samfunnshuset. Snart startar ombygging og nybygging, der det over 40 år gamle samfunnshuset får ei sårt tiltrengt oppgradering.

Eit fullsett samfunnshus fekk oppleve ein nesten 3 timar lang kulturkveld med m.a. utstilling, solosong, fotballtriksing, kor, korps, film, vise kvinner og spelemannslag. Kulturstipendet gjekk i år til langrennstalentet Sjur Slettom. Kulturprisen gjekk til Lars Eivind Sulheim. For å sjå bilete og lesa meir kan du sjå kva avisene skriv. 

Tips ein ven Skriv ut