Blir gamle prestegardstunet litteratursenter?

Blir gamle prestegardstunet litteratursenter?

Kom med forslag innan 20.sept.

Kulturpris og kulturstipend

Kven tykkjer du fortener kulturprisen? Enn kulturstipendet?
Kom med dine forslag!

Kulturprisen blir gjeven for aktivt, friviljug og uløna kulturarbeid over lengre tid, eller for særleg fortenestefulle einskildtiltak som kjem kulturlivet i Lom kommune til gode.
Det er høve til å føreslå kandidatar til kulturprisen.

Kulturstipendet blir gjeve for å hjelpe fram ungdom med særskilde evner/interesser på område innafor det utvida kulturomgrepet. Det er høve til å søkje på kulturstipendet, og det er høve til å føreslå kanditatar til stipendet.

Forslag til kulturprisen eller forslag/søknad til kulturstipendet kan sendast post@lom.kommune.no eller Lom kommune, 2686 Lom innan 20.september 2012.
Utdeling av pris og evt. stipend blir på Haustkveld under Lomseggen i Steinfjoset fredag 26.oktober d.å.
Tips ein ven Skriv ut