Kurs i bedriftsetablering

Haust og vår er det kurs i bedriftsetablering for deg som vil starte bedrift! På førehand er det tilbod om ein avklaringsdag der du får vite kva som må til for å lukkast.

Skal - skal ikkje?
Er du usikker på om du vil delta på etablerarkurs? Det er no mogleg å delta på ein avklaringsdag i regi av Innovasjon Noreg der du får vite kva som kreves (personleg og formelt) for å starte ein bedrift, korleis du kan gå fram og kven som kan hjelpe deg i etablererprosessen. Dette dagskurset går føre seg på regionkontoret på Otta. For å få ei avklaringssamtale når det passer deg kan du og ta kontakt med næringssjef Torill Bye Wilhelmsen.

Sjå programmet her for avklaringskurset ´Skal - skal ikkje´

Etableraropplæring
Sjølve etableraropplæringa går føre seg på kveldstid på Otta. Det er eit opplæringstiltak i regi av Innovasjon Noreg for deg som vurderer å starte for deg sjølve, vil lære meir og få hjelp til å skrive forretningsplan.

Meir informasjon om Etableraropplæring i Oppland.