For kommunane Lom, Sel og Vågå

Kurs i beitebruk våren 2011

Påmeldingsfrist: 4. april 2011 til landbrukskontoret i Lom eller Vågå/Sel.

Beiting er den rimelegaste måten å hauste på. Både inn- og utmarka er ein viktig ressurs for husdyrbrukarar men også dyrka mark vert nytta til beite t.d. i sommarmjølkeproduksjon. For å oppnå eit godt resultat med tanke på avling, tilvekst/produksjon, overvintring og å motvirke attgroing trengs det mykje kunnskap og erfaring. No har du moglegheit for å utvide kunnskapen din og du kan utveksle erfaringar med andre. Meld deg på dette gratis kurset, ikkje gløym å spørje om dei som kanskje ein dag skal ta over, vil vera med!
Du har også moglegheit for å ta oss med ut i eit område, t.d. gamal beitemark, der du ynskjer innspel frå oss og Ann Norderhaug som har lang erfaring med skjøtsel av gamle kulturmark.

Meld frå til landbrukskontora om du er interessert i at Ann Norderhaug og vi på landbrukskontora kommer og ser på areal som du ynskjer å restaurere. Vi kan ved ei synfaring gje faglege råd og hjelpe til med å søkje om tilskot.

Samling 1 Kulturmark og produksjon, tysdag 12.04.2011, kl. 11 – ca. 14.30

Kommunestyresalen i Vågå

Kl. 11 - 12.15
Beiting på innmark (beitekvalitet av gjødsla innmarksbeite, stølsvoller og anna dyrka mark) v/Jørgen Todnem, forskar ved Bioforsk Øst, Løken. Sauebeite (tilvekst, avling og sorter tilpassa fjellregionen) v/Jørgen Todnem, forskar ved Bioforsk Øst, Løken.

Kl. 12.15 - 13.00 Lunsj

Kl. 13.00 - 13.30
Sommarmjølkepoduksjon og kjøttproduksjon av storfe på innmarksbeite/utmarksbeite v/Åse F. Anderssen, fagrådgjevar TINE Øst.

Kl. 13.30 - 13.45 Kaffe/te med biter

Kl. 13.45 - 14.30
Kasjmirgeit som restaureringshjelpar (resultat frå forsøk med kasjmirgeit og spælsau i Tynset kommune) v/Jørgen Todnem, forskar ved Bioforsk Øst, Løken. Erfaringar med ammegeit som beiteryddar i Bråtådalen, tankar om å rydde beite for andre v/Åse Storbråten eller Simon Eiesar, gardbrukar.

Samling 2 Gamal kulturmark og økonomi i beitebruk, måndag 30. mai 2011, kl. 19.30 - 22.00

Kommunestyresalen i Lom. Kaffe/te og bakst

Kl. 19.30 - 21.00
Skjøtsel av ulike kulturmarkstypar: Effekt av ulike beitedyr, effekt av beitetidspunkt, restaureringsmål og framgangsmåte ved ynskje om restaurering, bruk av foto mm. v/Ann Norderhaug, kulturlandskapsforskar.

Kl. 21.00 - 22.00
Økonomi i beitebaserte driftsformer, inkl. tilskottordningane v/Åse F. Anderssen, fagrådgjevar TINE Øst.

Samling 3 Markdag, tysdag, 31. mai 2011, kl. 10 - ca. 16

Ulike plassar i Lom og Vågå

Praktisk rettleiing for vedlikehald og restaurering av gamal beitemark og anna gammal kulturmark, beiterydding v/Ann Norderhaug, kulturlandskapsforskar, og grunneigarar.

Problemstillingar: Biologisk verdifull beitemark, beitetidspunkt, beitetrykk og beitedyr, beitemark som har gått ut av bruk, beitemark under restaurering, attgroing med ulike artar m.a. osp, styving av trær, skjøtsel av gamal slåttemark mm.

Dag 4 (etter behov): Individuell skjøtselsrettleiing, onsdag, 1. juni 2011

Frå kl. 10 utover dagen, etter avtale.

Ope for alle, også dei som ikkje har vore med på sjølve kurset.

Tips ein ven Skriv ut