Jorun Sperstad-Fjeld - aktivitør og kvardagsrehabilitør

Jorun Sperstad-Fjeld - aktivitør og 'kvardagsrehabilitør'

Kvardagsrehabilitering i Lom!

Jorun Sperstad-Fjeld har nett blitt tilsett i heimesjukepleia i Lom der ho skal arbeida med kvardagsrehabilitering. I tillegg er ho aktivitør ved Lom helseheim. Men kva er kvardagsrehabilitering? 

Kvardagsrehabilitering er ein arbeidsform der målet er kvardagsmestring. Det er eit tidleg og tidsavgrensa rehabiliteringstilbod med opptrening i daglege gjeremål som skjer i brukarens heim og nærmiljø. Tankegangen er at ein skal ta utgangspunkt i ressursane til den enkelte og jobbe mot å auke funksjonsnivået i staden for å tilby kompenserande og passiviserande tiltak. Målet er at brukaren sjølv skal mestre dei aktivitetane som er viktige i brukarens liv akkurat nå. Kvardagsmeistring er derfor både eit mål og eit tankesett.

Jorun er berre i startgropa med planlegginga av tiltaket, men ser fram til å bli kjend med heimesjukepleia i Lom kommune og til å gå vegen vidare saman med dei!

Tips ein ven Skriv ut