Kyrkjene i Lom prestegjeld

Det er tre kyrkjer i Lom kommune, Lom Stavkyrkje, Garmo kyrkje og Bøverdal kyrkje. Lomskyrkja frå sist på 1150-talet er ei av dei største stavkyrkjene i Noreg. Lomskyrkja hadde 850 årsjubileum i 2008.

Article image
Lom stavkyrkje

Lom stavkyrkje

Kyrkja er truleg bygd sist på 1150-talet og er ei av dei største stavkyrkjene i Noreg. Kyrkja er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Inne i kyrkja finn ein mellom anna ei stor samling av måleri frå 1700-talet og mykje vakker akantusskurd.

Opp gjennom tida har kyrkja vore bygd om og utvida fleire gonger, noko ein kan sjå tydelege spor av. Då kyrkja vart restaurert fyrst på 70-talet vart det høve til omfattande utgravingar, og det vart gjort fleire interessante funn av mellom anna pilegrimsmerke, runestavar , pergamentdokument og liknande.
Bøverdal kyrkje
Bøverdal kyrkje

Bøverdal kyrkje

Åtte-kanta trekyrkje frå 1864. Kyrkja har nokre vakre ljoskroner som er laga av lokale handverkarar. Kyrkja vart restaurert i 1951.
Garmo kyrkje
Garmo kyrkje

Garmo kyrkje

Langskipkyrkje i tre frå 1879. Kyrkjeinteriøret er særmerkt av treskurden som er laga av lokale kunstnarar. Kyrkja er bygd i sinklaft og byggmeister var Elias A Tonning frå Stryn.
Den gamle kyrkja i Garmo var ei stavkyrkje som er reist opp att på Maihaugen i Lillehammer

Kyrkjekontoret

Postadresse:
Pb 177, 2688 Lom
Telefon: 61 21 73 39
Telefax: 61 21 73 01
Sekretær Elsa J. M. Dijkstra
Kyrkjeverje Borghild Skarelven

Sokneprest Stig Tørring (vikar)
Telefon: 61 21 73 40
mob. 950 25 626

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932

Eksterne