Kyrkjene i Lom prestegjeld
Det er tre kyrkjer i Lom kommune, Lom Stavkyrkje, Garmo kyrkje og Bøverdal kyrkje. Lomskyrkja frå sist på 1150-talet er ei av dei største stavkyrkjene i Noreg. Lomskyrkja hadde 850 årsjubileum i 2008. Bøverdalskyrkja har 150-års jubileum i 2014
![]() |
| Lomskyrkja i haustdrakt. |
Lom stavkyrkje
Kyrkja er truleg bygd sist på 1150-talet og er ei av dei største stavkyrkjene i Noreg. Kyrkja er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Inne i kyrkja finn ein mellom anna ei stor samling av måleri frå 1700-talet og mykje vakker akantusskurd.Opp gjennom tida har kyrkja vore bygd om og utvida fleire gonger, noko ein kan sjå tydelege spor av. Då kyrkja vart restaurert fyrst på 70-talet vart det høve til omfattande utgravingar, og det vart gjort fleire interessante funn av mellom anna pilegrimsmerke, runestavar , pergamentdokument og liknande.


