Lånereglar ved Lom folkebibliotek
- Det er gratis å bruke biblioteket
- Som lånar blir du registrert og får lånekort
- Er du under 15 år må du ha underskrift frå føresette
- Det meste som finst i biblioteket kan lånast med heim
- Leksikon og andre oppslagsverk kan som regel ikkje lånast ut
- Ynskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi setje deg opp på venteliste
- Bøker, artiklar m.m. som vi ikkje har i eiga samling, kan i di fleste tilfelle lånast inn frå andre bibliotek
- Ny og etterspurd pensumlitteratur der heile eller store delar av boka er pensum, må studentar rekne med å skaffe sjølve
- Samlinga vår er søkbar på internett: http://asp.bibits.no/lom_fb/
- I Bibliotekportalen for Oppland kan du søkje i katalogane til dei andre folke- og skulebiblioteka i fylket: http://www.bibliotekportalenoppland.no
Lånetid:
Bøker, lydbøker, musikk: 4 vekerTidsskrift: 1 veke
Video: 1 veke
Språkkurs: 8 veker
Du kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste. Ring, kom til biblioteket eller logg inn på Meg & mitt.
Gebyr: 1. varsel gratis
2. varsel: 50 kr for vaksne.
Gebyret må betalast sjølv om materiellet vert levert seinare.
3. varsel: Erstatningskrav
Purregebyr kan betalast kontant på biblioteket. Viss du ikkje betaler gebyret her vil du motta rekning.
Satsar erstatningskrav:
Bøker vaksne (inkl. lydbøker): 350 pr bok
Bøker barn (inkl. lydbøker): 200 pr bok
DVD: 200 pr stk
Musikk CD: 200 pr stk
Tidsskrift/småtrykk: 50 pr stk
