Lær data i biblioteket
Vi arrangerer eit grunnleggjande kurs som går over 7 timar vår og haust dersom vi får deltakarar. Innhald i kurset er å bli kjent med PCen og dei ulike delane, enkel tekstbehandling og lagring, e-post, internett og nettbank. Meld frå til biblioteket dersom du ynskjer å nytte deg av tilbodet. Du kan også koma til biblioteket og få enkel rettleiing i bruk av PC utanom kursperioda. Vi har 9 publikums-PCar som står til fri disposisjon for alle i opningstida.
Målgruppe for tenesta
- Personar som har lite erfaring med bruk av PC
Slik får du tenesta
- Ta kontakt med biblioteket.
Pris
- Gratis. Deltakarane får tilbod om å kjøpe ei kursbok som kostar omlag 200 kr.
Kontakt e-post
Kontakt telefon
- 61211630
