Skrivekurs med Vidar Kvalshaug

Skrivekurs med Vidar Kvalshaug

Skrivekurs med Vidar Kvalshaug - 2. august Diktardagar

Lær deg å tenkje som ein forfattar

Eg kan ikkje lære deg å skrive, men å tenkje som ein forfattar, seier Vidar Kvalshaug om skrivekurset han skal halde under Diktardagar. På skrivekurset set han deg i gang med den aller viktigaste historien - historien om deg sjølv. Du treng ingen kunnskapar på førehand. Det blir ingen framandord. Det blir rett på sak med å finne dei gode konfliktane og få dei ned på papiret. Han vil lære deg nokre enkle knep slik at du på nokre få timar kan bli ein betre skrivar, betre lesar og betre sjåar av filmar og tv-seriar. Kurset er ope for alle frå ungdomsskulealder. Skrivekursa til Kvalshauger er populære, og han har hausta rosande omtaler for kursa han har halde tidlegare. Bli med, da vel!

Påmelding til Lom folkebibliotek: biblioteket@lom.kommune.no eller 61 21 16 30 innan 1. august.

Deltakaravgift: 400 kroner

Tips ein ven Skriv ut