Landbruket i Lom
Jord- og skogbruk er ei basisnæring som representerer ca 25 % av sysselsettinga i Lom, dersom ein tek med dei som har jordbruket som biinntekt. Landbruket i Lom har ei årleg omsetning på ca. 90 millionar kroner. Av dette er ca. 25 millionar statleg produksjonsstøtte.
I tillegg er det ulike tilskotsordningar ein kan søkje om til prosjekt. Bygdeutviklingsmidlane (BU) er i så måte den viktigaste ordninga for å utløyse aktivitet innan landbruket.
Landbruket gir store ringverknader i form av kjøp av varer og tenester. I tillegg produserer landbruket miljøgode for samfunnet ved å halde i hevd kulturlandskapet, oppretthalde busetting og formidle kultur og historie. I så måte er eit aktivt landbruk spesielt viktig for reiselivsnæringa i Lom. Dersom ein tek med dei sist nemnde verdiane knytte til gardsbruket, ville talet for årleg bruttoomsetning blitt større.
Vi skal arbeide for å:
- Styrke og oppretthalde eksisterande produksjonar i landbruket
- Motivere ungdom til å satse på eit yrke i landbruket
- Stimulere til nytenking i landbruket
- Sikre busettinga i Lom
- Stimulere driftsformer som tek vare på miljøet og biologisk mangfald
- Ta vare på utmarka og sikre forsvarleg bruk av utmarksressursane
- Styrke informasjonen frå landbrukskontoret til brukarane
- Mobilisere til opprydding i kulturlandskapet i Lom
- Sikre ressurs- og produksjonsgrunnlaget til landbruket
- Auke aktiviteten i skogbruket og såleis styrke økonomien i landbruket