Landsbyrådet 2016

Landsbyrådet 2016

Landsbyrådet

Her kan du sjå kven som er medlemmar av Landsbyrådet i Lom i 2016. 
Landsbyrådet er ein pådrivar for å utvikle Lom som nasjonalparklandsby og nasjonalparkkommune, og har møte omkring 3-4 gonger i året. 
Rådet har eksistert sidan 2008 og er eit positivt samarbeidsforum der det er lov å kome med nye idear!
Alle innbyggjarar i Lom har møte- og talerett, men berre medlemmane har stemmerett. 
Formannskapet fungerer som styringsgruppe når det skal gjerast vedtak. 
 

Medlemmar i Landsbyrådet 2016:

Anne Silje Berg (leiar)  
Anne Silje er peika ut som leiar i landsbyrådet av kommunestyret i Lom. Ho representerer Jotunheimen og Reinheimen Nasjonalparksenter i Landsbyrådet.
Kontaktinfo: anne.silje.berg@fjell.museum.no

Martine Hårstad
Reiselivet sin representant i Landsbyrådet. Peika ut av Visit Jotunheimen AS.
E-post: martine@visitjotunheimen.no

Bjarne Eiolf Holø 
Peika ut av formannskapet til å representere innbyggjarane i landsbyrådet.
E-post: bjarne.eiolf.holo@lom.kommune.no

Arnt Rune Vole
Handelsstandsforeininga / næringsforeninga sin representant i Landsbyrådet
E-post: kiwi.lom@kiwi.no 

Torgeir T. Garmo 
Lokal ildsjel som har vore involvert i Landsbyrådet sidan starten, og initiativtakar til m.a. Bergomsrunda. 
E-post: fossst@online.no

Egil Olav Nyrnes
Lokal ildsjel som er tilsett som Landsbyvakt kvart år. Egil har eit stort engasjement for turstignettet og for Lom sentrum. 
E-post: eg-olav@online.no

Åshild M.Amundsen
Sekretær og lokal koordinator for Lom nasjonalparklandsby i 40 % stilling, i tillegg til næringssjef i 60%. Tilsett sidan 2016.
E-post: ashild.amundsen@lom.kommune.no

Bjørn Åge Jenssen
I 2012 vart det òg tilsett ein felles koordinator for alle dei fem nasjonalparklandsbyane. Han har kontor i Lom
E-post: baaj@npkl.no

Landsbyrådet ynskjer god kontakt med næringslivet, folk i og rundt Lom og andre interesserte. Ta gjerne kontakt med lokal koordinator eller andre i Landsbyrådet dersom du har idear du ynskjer å dele med oss! Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer å få tilsendt møteinnkalling, saksliste og / eller referat. 

Tips ein ven Skriv ut