Framside»Tenester til deg»Omsorgstenester»Langtidsopphald
Skjermbilde 2016-04-07 kl

Langtidsopphald

Langtidsopphald i sjukeheim inneber: Eit døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod, som ikkje er tidsavgrensa. Regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering. Kontakt med spesialist og tannhelseteneste etter fagleg vurdering. Kontakt med fysio- og ergoterapiteneste etter fagleg vurdering. Hjelpa vert tilpassa den enkelte pasient ut frå faglege vurderingar. Tenesteinnhaldet skal utarbeidast i samarbeid med den enkelte pasient/pårørande.

Kvalitetsstandard

Dokumentet ”Kvalitetsstandardar for pleie- og omsorgstenesta i Lom kommune” er ei presisering av korleis Lom kommune ynskjer å tilby sine tenester til innbyggjarane. 

https://lomkommune.custompublish.com/kvalitetsstandardar.382461.nn.html

 

  • Målgruppe for tenesta

    • Personar som treng eit bu- og behandlingstilbod med stort pleie- og omsorgsbehov, eller medisinsk faglege problemstillingar, der det ikkje kan gjevast tilstrekkeleg helsehjelp i heimen.
  • Slik får du tenesta

    • Skriftleg søknad (søknadsskjema finn du under lenker til høgre nederst på sida)til Lom og Skjåk tildelingskontor, moavegen 30, 2690 Skjåk, eller ved at korttidsopphald blir vidareført som langtidsopphald etter medisinsk fagleg vurdering.
  • Søknadsfrist

    • Søknaden blir individuelt behandla av tildelingskontoret. Tildeling skjer på tverrfagleg inntaksmøte kvar tysdag. Du får skriftleg melding om vedtak.
  • Pris

    • I samsvar med reglement for betaling av opphald i institusjon.
  • Kontakt

    • Lom og Skjåk tildelingskontor.
    • Tlf: 90562291
    • Adresse: Moavegen 30. 2690 Skjåk.
  • Lovgrunnlag

    • Dette er ei lovpålagt teneste. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1 jfr § 3-2.
    • Tenesta er eit tilbod om heildøgns pleie, omsorg og behandling i sjukeheim.
    • Forvaltningsloven
    • Helsepersonelloven
    • Kommunehelsetenesteloven
    • Lov om pasientrettar
    • Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie
    • Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.
  • Rett til å klage

    • Vedtak om tildeling og bortfall av plass vert gjort i inntaksnemnda. Desse vedtaka kan det klagast på Fylkeslegen. Klageinstans når det gjeld betaling, er Fylkesmannen. Klagefrist er 4 veker til Fylkeslegen og 3 veker til Fylkesmannen. Klage skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor, moavegen 30, 2690 Skjåk, som og kan gje rettleiing og råd, j.fr § 27.3 og § 28 i Forvaltningslova og Pasient- og brukerrettighetsloven, kap 7, §§ 7-2, 7-3, 7-4 og 7-5.
Tips ein ven Skriv ut