Skjermbilde 2017-03-15 kl

Ledige lærarstillingar i Lom kommune

Lom kommune har behov for utviklingsorienterte og dyktige lærarar med vilje og evne til å arbeide mot kommunen sine felles mål og satsingsområde.  

Vi ynskjer person(ar) som har gode samarbeidsevner og som er personleg eigna for stillinga. 

Det er eit krav at den som blir tilsett er løysingsorientert, offensiv og inkluderande i sitt arbeid og i samspelet med andre tilsette, føresette og elevar.

For skuleåret 17/18 kan det bli ledig:

Fleire vikariat i grunnskuleopplæring for vaksne og i norskopplæringa for vaksne.

Fagynskje: norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag.

 

Nærare informasjon om stillingane får du hjå Lom Vaksenopplæring v/ Anita Sandviken. 

Tlf: 61211091/ 45635191.epost: anita.sandviken@lom.kommune.no

Det kan og dukka opp ledige stillingar ved Loar skule og Lom ungdomsskule.

 

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg. Det er krav om politiattest. Lom kommune nyttar nynorsk som målform.

Elektronisk søknad finn de her(LENKE)

 

Søknadsfrist 30.mars 

Tips ein ven Skriv ut