Oversikt over ledige næringstomter i Lom

Oversikt over ledige næringstomter i Lom

Ledige næringstomter i Lom

Lom kommune har ledige næringstomter, primært i industriområde Geisarøye / Prestøye.

Det finst to ledige næringstomter i sentrum, som ligg inntil kvarandre.

Det finst også eit område i Garmo (toppen av Råsbakken) som kan nyttast til næring, men området vil kreve tilrettelegging før bruk.

Kontaktinformasjon

Gjennom fleire tiår har kommunen satsa på å utvikle eit sentrum med særpreg. Det er difor enkle, men tydelege krav til takvinkel og farge på alle bygg. Det er støttefunksjonen som har ansvar for tildeling av næringstomter i Lom kommune.
Meir informasjon kan du få frå Trond Byre Haakensen, e-post: Trond.Byre.Haakensen@lom.kommune.no 
Næringssjefen, telefon 97522977 / ashild.amundsen@lom.kommune.no kan gi meir informasjon og vera til hjelp ved etablering av verksemd i Lom.

Punktet på google-kartet er berre rådgjevande - sjå detaljert kart lenger ned.

Bilde_Klokkargardtomta

Ledig tomter i sentrum, 39/3/1 og 39/3

Desse to tomtene brukast som parkeringsareal pr. dags dato.
Regulert til «Forretning og kontor» i reguleringsplan for Ulstad – Øy (1985). 
Utnyttingsgrad 0,6 (60% BYA).  Rafthøgde inntil 7 m for to-etasjes bygg, tre etasjes bygg kan likevel tillatast.
Ta kontakt ved interesse. Det er naturleg å sjå dei i samanheng, men det er også mogleg å vurdere dei kvar for seg.

Industriområde Garmo (E1 på kartet)
Industriområde Garmo (E1 på kartet)

Garmo

Det finst også eit område i Garmo (markert med E1 på kartet) som kan nyttast til næring, men det bes om at interessentar tek kontakt med kommunen for meir info.
Område vil kreve tilrettelegging før bruk.

Ledig næringsareal i industriområde

I industriområde i Lom finst det ledig areal (sjå kart).
Arealet kan variere litt ut i frå korleis ein deler opp tomta, men grovt rekna er det ca. 10 daa i den nordlegaste delen av arealet og omtrent 2,9 daa i den sørlegaste delen.
Noko av arealet i den norlegaste delen går vekk i veg dersom ein ikkje er dei samla.
 

Kart med ledige næringstomter pr. des 2012

Detaljert kart med oppmålt areal i industriområde

Detaljkart på dei øverste tomtene samla
Detaljkart på dei øverste tomtene samla

Detaljkart på den øverste delen

Totalt er det snakk om eit areal på ca. 10 daa dersom ein ser den øverste delen samla.
Legg merke til at omtrent 1,7 daa av eigendommen har ei høgspentmast over seg. Den delen av eigendommen har derfor visse bruksbegrensninger.  

Festekontakt - industriområde

Det er pr. dags dato ledige næringsareal i industriområde (sjå kart) Den endeleg storleiken på tomta kan justerast gjennom ei festekontrakt. Gjeldande for heile arealet: Festeavgfit: kr. 2,50 pr. m2 som kan regulerast. Refusjon: kr. 67,50 pr. m2. Alle tomtene er byggeklare med opparbeidd vei, vatn og avlaup. Det er formannskapet som gjer vedtak om tildeling av tomta.

Reguleringsføresegner - industriområde

I vedlegget nederst på sida finn du reguleringsføresegner for dei ledige areala i industrimområde. Alle blir regulert som eit I (industri)-område, mens dei to øvste areala i tillegg blir regulert som I5.

Byggeplikt

I Lom kommune er det byggeplikt på festetomter. I festekontrakt/framfestekontrakt på næringstomter vert innteke: Fester må innan 1 – eitt – år frå festetida starta leggje fram godkjent byggemelding, og seinast innan 3 – tre – år frå festetida starta, ha oppført hus/bygning som skal vera i samsvar med reguleringsformålet for tomta. Eventuell dispensasjon frå dette vilkåret vert gjeve i samband med tildeling av tomt. Heile saksutgreiinga ligg vedlagt nederst på sida.

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut