Ledige stillingar

Kommunen nyttar elektronisk søknadsskjema ved utlyste stillingar. Det er viktig å fylle ut utdanning og praksis i skjemaet. Vi gjer merksam på at namn på søkjar kan bli gjort offentleg sjøl om du ber om reservasjon mot det, jfr Offentleglova §25-2. Søkjarane vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Om du ikkje finn stillingar nedanfor denne teksten, tyder det at det ikkje er ledige stillingar akkurat no. Er det stillingar som ikkje søknadsfristen har gått ut på, kan du lese heile stillingsannonsa ved å trykke på overskrifta

Barnehagen

Barnehagane i Lom treng  barnehagelærarar  i mellombelse stillingar frå 16.08.2018

Har du overskot og kapasitet?

Ynskjer du vera med å bidra til at nokon får eit meir sosialt liv og ei aktiv fritid?

Lom kommune har behov for støttekontakter av begge kjønn og i alle aldre.

Vi treng fleire vikarar, både i Loar og Garmo barnehage. Barnehagane i Lom er aktive barnehagar, med barn og tilsette som trivst godt ute!

Kontakt

Åste Einbu Gudbrandsen
Rådgjevar personal
Mobil 481 65 537