Framside»Tenester til deg»Sosiale tenester»Ledsagerbevis
name-1714231_640

Ledsagerbevis

Formålet med ledsagerbeviset er å gje funksjonshemma  med behov for bistand, same moglegheit som den øvrige befolkning til å delta i ulike aktivitetar, utan å måtte betale dobbel pris.   

Søknad ledsagerbevis finn de på den felles nettstaden for tildelingskontoret Lom og Skjåk(LENKE)

Ledsagerbevis er eit dokument i form av eit kort som blir utstedt til den funksjonshemma. Beviset gjev ledsageren gratis adgang til kultur- og fritidsarrangement, mens innehaver av beviset betaler vanleg pris.

Ledsagerbeviset er gratis, og nedre aldersgrense for å søkje er normalt 8 år. Den funksjonshemma kan sjølv velgje fylgje frå gong til gong.  For å kunne vera med som fylgje, må vedkomande ha fylt 16 år. Det er opp til lag/organisasjoner og bedrifter, som tek inngangspengar på ulike arrangement, om dei vil akseptere ordninga. Dette er òg ei ordning som private arrangørar kan bli med å støtte opp om.

Beviset kan brukes på arrangement der det er inngangspengar, og der arrangør har akseptert ordninga.  Dette er uavhengig av kommune- og fylkesgrense. Kvar kommune har liste over dei som aksepterer ordninga innan si kommune. Arrangører og lokaler som aksepterer ordninga markerer dette med det offentlege fastsette symbolet for ledsager ved inngang eller luke. Ordninga omfatter også offentleg transport der fylkeskommunen er takstmyndigheit.  

Meir informasjon om ordninga finn ein på heimesidene til Statens råd for likestilling av funksjonshemmede. Arrangørar som vil støtte opp om ordninga Ledsagerbevis for funksjonshemma, melder frå om dette til servicetorget.

Tips ein ven Skriv ut