Reguleringsplan for området rundt tidlegare Lia skule og Lidarende.

Kommunestyret godkjente 18.06.2006 Reguleringsplan for området rundt tidlegare Lia skule og Lidarende. Planinnhald og prosess går fram av plankartplanføresegner og sakspapira.

Formål med planarbeidet var å avklare ny arealbruk på skuletomta og forholdet til andre brukarinteresser, stadfeste felles vegtilkomst til eigedommane i området og vurdere parkeringsbehov for ny næringsverksemd og for Lidarende. Vidare er det vurdert andre forhold som vart spelt inn i planprosessen.

Etter at Lia skule vart nedlagd har lokalet i hovudsak stått tomt. Det er registrert interesse for utvikling av eigedommen til næringsverksemd. Som følgje av bruksendring vert området teke opp for regulering for å få ei ryddig avklaring i høve til andre brukarinteresser i området.

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932